«Nåden åleine»

«Eg elskar Herren, for han høyrde mitt rop om nåde». Søndag 27. august er overskrifta «Nåden åleine» på ei rekke gudstenester i Den norske kyrkja. Som ein del av kyrkjas reformasjonsmarkering kan du oppleve ulike temagudstenester denne hausten.

«Nåden åleine»

Saman med andre lutherske kyrkjer i alle verdsdelar har Den norske kyrkja valt å setje søkelys på tema som er svært sentrale for kyrkjene i dag:

Hovudtema er «Nåde» søndag 27. august, med tre undertema:
«Frelsa er ikkje til sals» søndag 17. september,
«Menneske er ikkje til sals» søndag 15. oktober og
«Skaparverket er ikkje til sals» søndag 19. november.

«Kjernen i reformasjonen er at menneske blir rettferdige for Gud ene og åleine på grunn av Guds nåde, slik den blir gitt oss gjennom Jesus Kristus, Bibelen og trua. Den som har tatt imot Guds nåde, er fri til å elske og tene sin neste, fri til å leve som eit ansvarleg menneske i samfunnet, og fri til å være ein god forvaltar av skaperverket.»

Les meir om hvert tema på www.reformasjon2017.no Hjarteleg velkomen til gudsteneste!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"